Ønsk deg eit gavekort

Gjer din livsstil deg sliten?

La 2019 bli året du snur på det

GAVEKORT

Ønsk deg eit gavekort til begynnelsen til ei endring som påvirker livet ditt positivt.

LES MEIR OM HELSEVEILEDNING

Året 2018 går mot slutten

Du er kanskje som meg begynt å få spørsmål om kva du ønsker deg.  Vi har meir enn nok.  Tid og overskot til å gjere livet til det det fortjener er det som er mangelvare.  Vi kaver på.  Livet opplevast «låst» i forpliktelser i jobb og familie.  Tida går.  Du kjenner på at dette ikkje er bærekraftig for ditt liv og di helse.  Du ønsker ei endring.  Du trur du veit kva som må til, men korleis begynne.

I helseveiledninga er målet å hjelpe deg på veg.

Les om helseveiledning HER

Eg har kontor midt i sentrum, men har også mange av mine timar på ei plattform som heiter Zoom.  ( den fungerer omtrent som skype) Eg sender deg linken på mail eller messanger og du logger deg inn.  Vi sitter face to face og snakker.  Vi kan også bruke Facetime, men det er godt å kunne sjå kvarandre godt.  Fordelen med å ta helseveiledninga online er at du slepp køyretid og parkering.  Du kan sitte heime, på hytta, i utlandet også dersom du er på ferie, berre du er tilkobla eit nett.

Det einaste eg ønsker og har lyst å forlange (liker ikkje ordet forlange :-/ )  er at du sitter for deg sjølv utan forstyrrelser.

Eg har så lyst å hjelpe deg på veg, derfor har eg laga eit gavekort som du kan ønske deg eller gi til ein person du er glad i.

Eg har laga forskjellig alternativ

12 timer til kr. 6000,-

4 timar til kr. 2200,-

1 time  til kr. 600,-

12 timar er for deg som ønsker ei helseveiledning som bygger stein for stein.  Har du gått over lang tid og kjent på denne slitenheten vil det ta tid å snu.  Endring tar tid.  Det mest ideelle er ein time i veka over 12 veker, dette for at prosessen skal modnast og skape den endringa du ønsker.

Den 1. timen tar 60 min. dei andre timane 45 min

4 timar er for deg som er på veg til ei endring, men sitter litt fast.  Her jobber vi med livshjulet ditt og prøver å finne energi lekkasjen din og kva det er i livet ditt som gjev deg glede og påfyll.

Den 1. timen tar 60 min. dei andre timane tar 45 min

1 time er for deg som ønsker ein vedlikehalds time og som har vore hos meg tidlegare.

Eller for deg som ikkje har prøvd dette før og som er usikker på om dette er den riktige hjelpa for deg. Det blir ein samtale der vi også kobler inn livshjulet for å sjå om vi klarer å identifisere utfordringa di.

Denne timen tar 60 min.

Husk å skriv inn antall timer på bestillinga.  Etter bestillinga vil du motta betalingsinformasjon.

Etter betalinga er registrert.  (Betaler du i nettbank kan det ta ein dag, bestillinger i helga blir ikkje registrert før mandagen) vil du motta gavekortet på mail.

Du betaler via Vipps eller Nettbank

JA TAKK

Gleder meg til å treffe deg og hjelpe deg til å finne dine energi lekkasjer og det som gjev deg energi og glede i kvardagen.

Legg igjen en kommentar